Fokus på barn i farlege jobbar
Nina Ansteensen, opprettet 10.06.2011
Den internasjonale verdsdagen mot barnearbeid blir markert kvart år 12. juni.
Fokus på verdsdagen mot barnearbeid i år er barn i spesielt farlege jobbar.
Rundt 215 millionar barn er ifølgje ILO involverte i barnearbeid – av desse er 115 millionar direkte involverte i arbeid som er spesielt farleg. Verdas dag mot barnearbeid blir derfor markert kvart år 12. juni.
Farleg arbeid er definert som arbeid som kan føre til skade hos barn, fysisk, psykisk eller moralsk. I nokre høve kan dette arbeidet også vere livstruande.
Sats på utdanning
Farleg barnearbeid – i motsetnad til ei god utdanning – medverkar heller ikkje til at barn kommer ut av fattigdomen. Ein viktig strategi er derfor å gi alle barn tilgang til ei gratis, obligatorisk og god utdanning.
Grunnleggjande er det også å vedta ein minstealder for barn i arbeidslivet. Det er første steg for at barnearbeid kan opphøre.
Den verdsomspennande lærarorganisasjonen, Education International (EI), markerer Barnearbeidsdagen i samarbeid med ILO-IPEC, med anna med brosjyra "Advarsel! Barn i farlig arbeid – stopp barnearbeid ". Brosjyra har eit tydeleg bodskap om kva farleg arbeid er, og korleis vi skal løyse problemet og kva rolle utdanning har for å få slutt på barnearbeid.
Brosjyra kan du lese her.