Forskarar arbeidar for mye
Eli Kristine Korsmo, opprettet 24.01.2012
Ein rapport frå Arbeidsforskingsinstituttet (AFI) viser at forskarar arbeidar langt utover den avtalefesta arbeidstida.
Arbeidsforskingsinstituttet, AFI, har levert ein rapport til Kunnskapsdepartementet. Rapporten er ei gransking av arbeidstida til vitskapleg tilsette i heile stillingar ved universiteta og høgskulane i landet. Rapporten viser at dei arbeidar langt utover den avtalefesta arbeidstida for tilsette i staten.
Staten må ta ansvar
AFI sine tal viser at vitskapleg tilsette innan sektoren arbeidar 47,6 timar kvar veke i gjennomsnitt.
- Dette går langt ut over det Arbeidsmiljølova tillét, seier Magne Rydland, sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet med særleg ansvar for UH-sektoren, og held fram;
- Vi forventar at Staten som arbeidsgivar snarast råd er tek ansvaret for å leggja til rette for at forskingsplikta vert synleggjort som ein legitim del av normalarbeidsdagen. At staten skal sitje i ein slik posisjon at dei som arbeidsgivar pressar tilsette til å utføra heilt nødvendig arbeid på fritida, er ikkje til å leve med, seier han.
Same resultat i andre granskingar
Forskarforbundet og Utdanningsforbundet har kvar for seg, men i nær forståing med kvarandre, fått gjort granskingar som syner det same resultatet i svært stor grad. Talmaterialet til Forskarforbundet og Utdanningsforbundet vart samla inn frå medlemmane i sektoren i 2009 og 2010. Frå departementalt hald møtte organisasjonane liten grad av anerkjenning for dette.
- At AFI nå kjem til same resultat syner at vi ikkje var «heilt på viddene», seier Rydland.
Granskinga syner og at vitskapeleg tilsette brukar i underkant av 11 prosent av arbeidsdagen til forsking, altså det arbeidsgivaren betalar løn for. Resten går av fritida og er ulønna.
Utdanningsforbundet er heilt samd med Forskarforbundet i at forskingsplikta, jamfør Lov om universitet og høgskular, må kunna utførast innanfor normalarbeidsdagen.