Heftet rettar fokus på skulen sitt ansvar når det gjeld mobbing, og gir tips om korleis ein kan førebyggje, avsløre og løyse mobbesaker.

Rettleiinga kan du lese her på nynorsk og på bokmål.  

Det er Utdanningsdirektoratet som har utarbeidd rettleiinga, som tar opp førebyggjande arbeid, korleis avdekkje mobbing og korleis løyse mobbesaker. Vidare at mobbing er eit kontinuerleg arbeid og at også lærarar og andre tilsette mobbar. Ein oversikt fins også over nyttige ressursar og materiell.

Rettleiinga blir send til tilsette og leiarar i grunnskulen i januar/februar.

Snart nytt manifest
Eit nytt manifest mot mobbing skal underskivast 27. januar. Manifestet vil ha ein meir lokal forankring enn tidlegare manifest.

I tillegg til Utdanningsforbundet er regjeringa, KS, Fagforbundet, Skolenes landsforbund og Foreldreutvalet for grunnopplæringa partar i manifestarbeidet.

Utdanningsforbundet held fokus
Skuler og barnehager er viktige arenaer for antimobbearbeid. Lærarar og leiarar har eit stort ansvar her. Det vektlegg Utdanningsforbundet i sin brosjyre ’Mobbing – gjør du noe med det!’, som tillitsvalde i organisasjonen har fått. Brosjyren kan du laste ned til høgre på sida.