Tiltak på ungdomssteget
Per Arne Sæther, opprettet 25.01.2011
Utdanningsforbundet har sendt eit innspel til kunnskapsminister Kristin Halvorsen med framlegg til tiltak på ungdomssteget.
Det kjem ei melding til Stortinget om ungdomssteget våren 2011.
Ungdomssteget har i lang tid fått lita merksemd i den utdanningspolitiske debatten. Det går såleis ei klar line frå tidlegare statsråd Gudmund Hernes sin uttale om at ungdomsskulen har vore i ”skyggenes dal”, til statsråd Halvorsen si erkjenning i Stortinget i mars 2010 om at ”ungdomsskolen er et litt forsømt skoletrinn.”
Meld deg på utdanningspolitisk konferanse om ungdomstrinnet 4. mai!
Utdanningsforbundet gjer framlegg om desse tiltaka:
- Styrking av lærarane sin faglege, fagdidaktiske og pedagogiske kompetanse.
Strengare krav til kompetanse for tilsetjing og innføring av prinsippet med krav om kompetanse i fag for å undervise må følgjast opp med massiv satsing på vidareutdanning. Det permanente systemet for vidareutdanning av lærarar må utvidast monaleg. Meir praktisk opplæring i alle fag, med vekt på å gi god undervisning til elevar med ulike føresetnader, må bli eit prioritert område i etterutdanninga.
- Auka lærartettleik og redusert gruppestorleik.
Regjeringa må oppfylle løftet frå Soria Moria II-erklæringa om at ein gjennom styrkt kommuneøkonomi og endringar i opplæringslova skal sikre ei maksimumsgrense for talet på elevar per lærar på kvar skule.
- Sikre at skulane får midlar til eksterne aktivitetar.
Økonomi til å kunne investere i utstyr, læremiddel og materiell er naudsynt dersom meir praktisk tilnærming i faga i ungdomsskulen skal bli reell og realistisk. Skulane må sikras råvarer og materiell slik at fag som til dømes kunst og handverk, musikk og mat og helse ikkje vert teoretiserte og nedprioriterte.
- Sørgje for at faget Utdanningsval og ordninga med å kunne ta fag frå vidaregåande opplæring på ungdomssteget fungerer etter intensjonane. Evaluering av forsøket med Arbeidslivsfag.
- Endring av reglane for omdisponering av inntil 25 prosent av timetalet og nye alternativ til framandspråk og språkleg fordjuping.
- Bruk av andre yrkesgrupper i skulen.
- Bruk av alternative læringsarenaer.
Meir om tiltaka i brevet til statsråd Kristin Halvorsen (pdf)
Eigenverdi for elevane
Det er ungdomssteget sin eigenverdi for elevane som bør være hovudtema i ordskiftet om korleis ungdomssteget skal utviklast vidare, ikkje berre steget si rolle som førebuing til vidaregåande opplæring og redusering av omval og fråfall på neste steg i grunnopplæringa. Det må vere eit mål å auke motivasjonen til elevane.
Meir praktisk, relevant og utfordrande
Vektlegginga av elevane si læring i Kunnskapsløftet må vidareførast for å tilføre nasjonen den kompetansen kunnskapssamfunnet krev. Samstundes har det vore sentralt i debatten om steget at ungdomsskulen er blitt for teoritung. Å få til ein meir praktisk, relevant og utfordrande ungdomsskule kan ikkje skje ved enkle tekniske eller organisatoriske grep.
Både praktisk og teoretisk læring i alle fag
Utdanningsforbundet har lenge framheva kor viktig der er med meir praktisk tilnærming i alle fag. Ingen fag er berre teoretiske eller berre praktiske. Ein bør difor ikkje snakke om faga som teoretiske eller praktiske fag, men leggje vekt på at læringa skal ha ei praktisk og teoretisk tilnærming i alle fag. Kompetansen til lærarane, mindre elevgrupper og ressursar er avgjerande for at undervisninga i faga skal kunne få ein meir praktisk innfallsvinkel og kunne yrkesrettast.
28.02.2011 09:45
Alle innspill fra elevene som har uttalt seg går i samme retning: mer praktiske fag! Og da hjelper det ikke å "liksomlage" praktisk innfallsvinkel når kompetansemålene er fastsatt slik vi ser i dag. Og så er det skriftlig sidemål: umulig å få elever til å forstå det hensiktsmessige i å lære to skriftlige norskspråk. La elevene ha en andel litteratur som skal leses på sidemål og hovedmål, slik at kunnskap om språket sikres. Hvorfor skal de skoletrøtte ungdommene streve med to skriftlige norskspråk i ungdomsskolen når de er maksimalt demotiverte - for så å komme til videregående på yrkesfaglig retning og få bekreftet at det var fullstendig bortkastet tid og krefter? Nå må vi være realistiske - la språkstrid og symbolpolitikk utfolde seg på annen arena enn hos skoletrøtte 14-15-16 åringer! Og en ønsket bieffekt: norsklærerne kunne fått en mer overkommelig arbeidsmengde.
Arla Vilhelmsson, Lavangen skole, Troms
Les hele diskusjonen i diskusjonsforumet