Dei norske elevane har betra seg i både naturfag og matematikk sidan 2006, viser resultata frå PISA 2009. Færre elevar ligg på dei lågaste nivåa no samanlikna med 2006.

- Det er positivt at vi har klart å heve elevane frå dei lågaste nivåa. Samstundes er det klart at vi har ein jobb å gjere framover for å bli enda betre, men eg vil seie at vi no er på rett veg. Dei store betringane i lesing viser blant anna at om ein satsar på å heve læraranes kompetanse og jobbar over tid, får ein resultat. Det må vi gjere i realfaga også, seier nestleiar Ragnhild Lied i Utdanningsforbundet.

Jobbar breitt
Utdanningsforbundet jobbar på fleire vis for å styrkje den nasjonale satsinga på realfaga og teknologifaga. Saman med styresmaktane og andre aktørar arbeider Utdanningsforbundet aktivt med realfagsprosjekt og for å realisere Strategi for styrking av realfag og teknologi 2010-2014. Ragnhild Lied sit i det nasjonale forumet for realfag.

- Utdanningsforbundet ønskjer å medverke til at realfagsstrategien blir følgd opp. Vi meiner det vil gjere sitt til at opplæringa i realfag og teknologi blir betre på alle nivåa i utdanningssystemet, seier ho.

- Kva gjer Utdanningsforbundet for at strategien skal bli  følgd opp?

- Vi arbeider for betre rammer i naturfagsundervisninga. Då meiner eg moglegheit for meir praktiske inngangar til undervisning, slik som betre utstyr, mindre elevgrupper, pengar til ekskursjonar og etter- og vidareutdanning for lærarane.

Neste møte i forumet er 20. desember. Då skal medlemane diskutere resultata frå PISA-undersøkinga og dei nasjonale prøvene.