Sjå nynorskendringane!
Stian Skaar, opprettet 23.09.2011
Ny rettskriving for nynorsk er godkjent av Kulturdepartementet. Her er dei viktigaste endringane.
Dei viktigaste endringane samanlikna med gjeldande rettskriving:
- Alle ord vert hovudformer, sideformer (klammeformer) forsvinn. Til dømes vert no og nå likeverdige og kan begge brukast i offentleg språk.
- Mindre brukte former som til dømes i-mål (bygdi og fjelli) og former som noe og hennes er tekne ut
- Det vert berre mogleg å ha diftong i ord som køyre og flaum
- Det vert berre mogleg å ha dobbel konsonant i mange ord som til no har hatt sideform med enkel konsonant
- J-en vert valfri i verb som byggje og hokjønnsord som bryggje
Framlegget som er godkjent, skil seg frå høyringsutkastet på mellom anna desse punkta:
- Det vert likevel mogleg å bruke kløyvd infinitiv med både e- og a-endingar i same tekst (til dømes å kaste og å vera)
- Det vert mogleg å skrive dokker/dokker i staden for de/dykk
- Skole blir ståande jamstilt med skule (i høyringsutkastet tok nemnda til orde for å ta vekk skole)
- Ordet dialekt kan anten vere hokjønn eller hankjønn (både ei dialekt og ein dialekt)
Den nye rettskrivinga skal gjelde frå 1. august 2012.