Endringar i norskfaget
Stian Skaar, opprettet 27.01.2012
– Utdanningsforbundet meiner at det er behov for endringar i læreplanen i norsk, seier Ragnhild Lied.
- Svært mange lærarar har gitt klar melding til oss om at norskfaget har fått for mange mål, at det har blitt for omfattande og at rettebyrda for norsklærarane er uhaldbar, seier Lied, nestleiar i Utdanningsforbundet.
Brevet som Utdanningsdirektoratet har sendt til kunnskapsminister Kristin Halvorsen, har sett fart i debatten. - Vi meiner det er uheldig dersom partar med interesse for faget går ned i skyttargravene, seier Ragnhild Lied. Lied meiner at vi må sjå på vilkåra både når det gjeld å styrkje opplæringa i hovudmål og sidemål, og samstundes få til ei nødvendig fornying. – Eg forstår at mange blir urolege for at nokre av forslaga kan svekke sidemålet. Vi har ikkje ønske om å medverke til ei slik svekking, seier Lied.
- Vi ønsker ikkje å forhaste oss når vi skal ta stilling til forslaga som kjem på høyring. Vi meiner at Nasjonalt forum for norskfaget hadde mange gode og konkrete forslag i den rapporten dei leverte direktoratet. Samstundes vil vi lytte til medlemmene og sjå på vilkåra for å gjennomføre ei organisasjonsmessig høyring, seier Ragnhild Lied.
Utdanningsforbundet og Spåkrådet ved Fagråd for skole og offentlig forvaltning arrangerer konferanse om revisjon av norskfaget i Trondheim 18. april 2012.
Se mer om konferansen og meld deg på her