I dag, måndag, er det høyring i Kyrkje-, utdannings og forskingskomiteen i Stortinget om stortingsmelding nr 18, Læring og fellesskap.

Manglar klare føringar
Utdanningsforbundet meiner stortingsmeldinga gjev ein presis og god presentasjon av status på saksområdet. Meldinga har ein god diagnose av dei behova som finst og dei utfordringane ein står overfor. Forbundet støttar difor hovudretninga i meldinga og dei målsetjingane og visjonane som meldinga presenterer.

Samstundes meiner Utdanningsforbundet at dei gode ønskja og dei fine målsetjingane i meldinga ikkje verte følgde opp av klare nok føringar og tilstrekkeleg forpliktande tiltak for å kunne realisere ønskja og målsetjingane.

Fryktar kasteball
Departementet konstaterer i meldinga at kvaliteten på tenestetilbodet i kommunane og fylkeskommunane innan barnehage, grunnopplæring og støtteapparat varierer sterkt. Utdanningsforbundet finn det på denne bakgrunn skuffande at regjeringa ikkje gjer framlegg om nødvendige og realistiske tiltak for å avgrense denne geografiske ulikskapen og sikre eit likeverdig tilbod over heile landet. Utdanningsforbundet fryktar at barnehage, skule og PPT lett kan verte ein kasteball i ansvarsfordelinga mellom sentrale og lokale styresmakter.