Løn ved tilsetjing
Bjørg Sundøy, opprettet 01.12.2010
Er du forberedt på sjølv å forhandle løn om du får ny jobb? Ein viktig del av prosessen med søkje ny jobb, er å vera godt forberedt når løn skal diskuterast.
Ofte blir løn eit tema allereie i jobbintervjuet.
Les meir: Løn ved tilsetjing - PDF
Før du kjem til intervjuet må du finne ut av kva tariffavtalen seier om løn for stillinga du har søkt. Du vil oppdage i dei aller fleste tilfella at tariffavtalen ikkje gjev svar på kva du eksakt skal ha i løn. Tariffavtalen fortel deg kva du minimum skal ha i løn eller kva rammer du kan lønast innafor.
Kva står i utlysningsteksten om løn? Om det berre er vist til tariffavtalen, kan du forhandle innafor den lønsramma/lønnsspennet som gjeld for stillinga (staten og Oslo kommune). I KS-området er det i prinsippet inga øvre grense for løn. Om det er gjort avgrensingar i utlysinga, kan du forhandle innafor dei oppgjevne grensene.
Kva løn har du i dag, inklusive lokale tillegg? Du må hugse at det ikkje er automatikk i at du får med deg lokale tillegg når du går over i ny stilling. Du må sjølv sørgje for at du får med deg desse tillegga.
Kva forventningar har du til løn i ny jobb? Er den nye stillinga ei avansementstilling, er det naturleg at du skal ha høgare løn enn det du har i noverande stilling.
Kva er lønsnivået for tilsvarande stillingar i verksemda? Du bør undersøke kva lønsnivået er for liknande stillingar i verksemda du har søkt jobb i. Ta gjerne kontakt med Utdanningsforbundets tillitsvald.
Tre alternative strategiar
Lønnskravet kan du i prinsippet fremje på tre ulike måtar:
1. Du kan takke ja til stillingen, men fremje eit lønskrav samstundes
2. Du kan takke ja til stillingen under føresetnad av at du får ei bestemt løn
3. Du kan forsøke å få lønskravet vurdert før du må svare på om du tar stillinga
Val av strategi er blant anna avhengig av:
- Om det er andre kvalifiserte søkjarar til stillingen
- Kor sikker du er på at arbeidsgjevar er opptatt av å få tilsett nettopp deg
- Kor interessert du er i å få stillingen
- Kor viktig det er for deg å få ei bestemt løn.
Ditt eige engasjement er svært viktig for å oppnå god løn ved tilsetting i ny stilling!
Hugs at løn skal fastsetjast i skrifteleg arbeidsavtale!