1. januar opnar det nye Kunnskapssenteret for utdanning som Noregs Forskingsråd har fått i oppgåve å etablere.

I det høvet har Utdanningsforbundet utarbeidt eit temanotat. Her reiser vi nokre viktige spørsmål. Kven blir oppdragsgivaren eller oppdragsgivarane til senteret og kor uavhengig blir det? Kva kan etableringa av eit kunnskapssenter tilføre på utdanningsområdet i Noreg? Kva krav og forventingar, sett frå ståstaden til lærarprofesjonen, kan det vere naturleg å ha?

Viktig formidlingsoppgåve
I samsvar med oppdraget vil hovudvekta av verksemda til senteret vere å samanstille og formidle forsking. Senteret skal blant anna formidle forsking om kva som verker og ikkje verker fremjande for kvaliteten i utdanninga. Andre oppgåver er å identifisere kunnskapshol og skape møteplassar for forskarar, praktikarar og styresmakter. Senteret skal dekkje heile utdanningssektoren.

I temanotatet drøftar vi sju ulike krav eller forventingar til det nye kunnskapssenteret:

  • Sørgje for at lærarprofesjonen blir ei viktig målgruppe for forskingsbasert kunnskap
  • Gjere profesjonsidentiteten sterkare
  • Hjelpe til å heve kvaliteten i utdanningssystemet
  • Hjelpe til å styrkje kunnskapsgrunnlaget for utdanningspolitikken
  • Hjelpe til å styrkje forskingsformidling
  • Hjelpe til å byggje opp kunnskapsbasen til lærarprofesjonen
  • Styrke sjansane for å ta i bruk profesjonelt skjøn og handlingsrom


Møteplassar for samtale
Om det nye kunnskapssenteret blir opplevt som nyttig for lærarprofesjonen vil vere avhengig av at denne blir verdsett blant dei primære målgruppene til senteret. Dessutan om det blir brukt kanalar for formidling av forsking som faktisk rekker ut til dei som arbeider i barnehagar og skular.

Vi meiner senteret bør formidle forskingsresultat på ein måte som blir opplevd som tilgjengeleg for praksisfeltet. I tillegg bør det leggjast opp til møteplassar der formålet er dialog og refleksjon over forskingsfunn.

Lærarprofesjonen må få sjanse til å kome med forslag og innspel til tema og problemstillingar. Det nye senteret må ha ei brei tilnærming til korleis kunnskapsoversikter blir utarbeidde, slik at breidde og mangfald blir inkluderte. I dette ligg også ein aksept for at det er ulike måtar å lage kunnskapsoversikter på.