– I barnehagar der ungar skal utvikle språkferdigheiter er det eit problem at assistentane ikkje alltid beherskar godt norsk. Dei skal være språkmodellar, og då er det viktig at personalet er tospråklege, seier Hanne Brunvoll, leiar av seksjon barnehage i Utdanningsforbundet Oslo, til Dagsavisen, torsdag. 

Her kan du lese oppslaget.

Tilbod om utdanning
SVs ordførarkandidat i Oslo, Marianne Borgen, meiner det må tiltak til for å løyse denne språkknuten. Dei 4500 barnehageassistentane i Oslo bør få tilbod om førskulelærarutdanning eller anna barnehagefagleg kompetanse betalt av Oslo kommune, som ein kombinasjon av utdanning og jobb. Det inneber at dei tilsette forpliktar seg til å arbeide i kommunen ei tid etter utdanninga. Forslaget inneber ei auke på 20.000 kroner meir i årsløn for dei barnehagetilsette.
 
Randi Færevik, nestleiar i kyrkje, kultur og oppvekst seksjonen i Fagforbundet Oslo støttar tiltaket, og bekreftar at ein del av barnehagepersonalet snakkar dårleg norsk. – Men mange må betale for denne utdanninga sjølve, i tillegg at det er praktisk vanskeleg å vidareutdanne seg på fritida, seier ho til Dagsavisen.

Fleire barnehagar, færre fagutdanna
10.000 nye barnehageplassar er bygd dei siste fire åra, men utbygginga har gått fortare enn studietida til førskulelærarstudentane.

Byråd for kultur og utdanning i Oslo, Torger Ødegaard seier at Oslo derfor har eit fagleg etterslep, men at 170 barnehagetilsette er undervegs i ei fullverdig utdanning.

– Men mange som er tilsette på dispensasjon er med anna barnevernspedagogar og har dermed pedagogisk erfaring, seier Ødegaard.  

Til det seier Hanne Brunvoll at det ikkje er mange. Ho meiner også at det er ei dårleg bortforklaring at det er for få studietilbod i Oslo, og meiner byråden må leggje fram eit samla rekrutteringsmål for kommunen, noko Ødegaard ikkje er einig i. Ødegaard meiner at bydelane sjølv er ansvarlege for å rekruttere til barnehagane.

Men han er samd i at språkkompetansen for assistentane ofte er for dårleg, og at budsjettmidlar må setjast av til å rette opp dette.