Krev fleire pedagogar
Hilde Mykland, opprettet 12.04.2011
Arild Stokkan-Grande (Ap) meiner språkkartlegging berre er eit verktøy og ikkje eit mål. Fleire pedagogar må til for å sikre god kvalitet.
Stortingspolitikaren Arild Stokkan-Grande (Ap) og kunnskapsminister Kristin Halvorsen er einige om at språkkartlegging bør innførast i barnehagar, men Grande meiner at språkkartlegging berre er eit verktøy og ikkje eit mål, skriv Dagsavisen i dag, 12. april.
Dersom ein skal sikre betre læring i barnehagar, må ein krevje meir i frå kommunane. Det som er viktig for borna er å få fleire pedagogar inn i barnehagen og ei etterutdanning for dei som arbeidar i barnehagen. Det kan vere ei god løysing på å auke læreevna til borna, meiner han.
Tilset ufaglærte
I fjor arbeidde 3803 personar i stillingar der kravet om å ha ein formell kompetanse som førskulelærar ikkje vart følgt opp, viser tal frå Utdanningsforbundet.
Den dårlege situasjonen i barnehagane vert oppretthaldt på grunn av at kommunen framleis tilset ufaglærte i staden for å tilsetje dei som har pedagogisk utdanning. Ikkje berre vert kvaliteten i barnehagane svekka, men lønningane vert også svært låge, ifølgje Stokkan-Grande.
For enkelt med dispensasjonar
Han meiner det er alt for enkelt for ein kommune å søkje etter dispensasjon frå kravet og tilsetje personar utan pedagogisk utdanning. Med mindre kommunane er villige til å gjere noko med dette sjølv, bør utdanningsministeren setje foten ned og stramme inn på kor mange som får stille til dispensasjon.
Lærdom frå barnehagen vil kanskje lede til at ungar lærer betre på skulen og gjer det betre i høgare utdanning og i yrkeslivet, seier Stokkan-Grande til Dagsavisen.