I Fjaler er vi sjølvsagt litt stolte om dagen, etter at vekeavisa Kommunal Rapport  hadde oppslag om oss pga gode resultat på nasjonale prøvar, sett i gjennomsnitt etter tre år. Skulefagleg ansvarleg, Marit Hammer,  har sendt helsing til Utdanningsforbundet Fjaler, der ho gir ros til alle lærarar for god innsats over mange år. Det har generelt vore satsa på skule i Fjaler, kvaliteten er god og vi har halde oppe ein desentralisert struktur, der elevane får gå på skule i nærmiljøet sitt.
Men  Utdanningsforbundet Fjaler tenkjer at dette er noko som fort  kan kome i fare, når kommunen no har byrja  nedskjeringsprosessen til skulebudsjettet. Dårlegare lærartettleik og større klassar kan verte konsekvensen, og det lovar ikkje godt for å oppretthalde kvalitet og gode resultat.  Her vert vi viktige aktørar for å påverke og passe på at lærarane får vere med i prosessane.

Elles nærmar det seg årsmøte her ute, og vi gleder oss i år til å kunne ta imot Gaular på like god måte som dei møtte oss i fjor. Vi skal ha føredrag med Irene Nygårdsvik frå Spekulatoriet iBergen, som skal snakke om Raushetens økonomi – noko vi tenkjer blir spennande! Spennande vert det og  med maten, som skal nytast på nyopna bakeri Allmuen, midt i Dale sentrum. Håpar på ein kjekk kveld der, og eit godt arbeidsår vidare, etter årsmøtet!

Dale Vgs fekk to klassar på allmennfag likevel, då skulen starta i haust! Dette vart ein kampsak i sommarferien, som heldigvis enda godt for oss. Det er vi alle glade for!

Foto:
Asbjørn Eikerol

Nypussa ungdomsskule i Dale
(på taket kan vi sjå det flotte nye ventilasjonsanlegget.)

Foto:
Asbjørn Eikerol


Bente Haugen
Lokallagsleiar