I Utdanning nr.6 stiller Solveig Eldegard eit retorisk spørsmål: "Kva skal ein med nynorsk?" Men svara ho gjev, handlar ikkje om den viktigaste innvendinga mot obligatorisk vurdering i norsk sidemål.
Sjølv har eg alltid vore interessert i språk, og eg likte godt å lære begge målformene i skulen. Men eg har óg tatt vidareutdanning i migrasjonspedagogikk, og eg har vore kontaktlærar i ei skuleklasse med eit fleirtal minoritetsspråklege elevar. Nokre av Eldegard sine argument provoserer meg.
Eldegard skriv: "Nynorsk er ein sentral del av norskfaget, på same måte som pluss og minus er ein sentral del av matematikkfaget. Om ein kuttar ut det eine, mistar me samanhengen og heilskapsforståinga i faget."
Dette er ein sterk påstand som ville ha fått konsekvensar dersom han skulle bli teke på alvor. Minoritetsspråklege elevar får lovleg fritak frå sidemål. Betyr det at desse elevane går glipp av "samanhengen og heilskapsforståinga" i norskfaget?
Vidare skriv Eldegard: "Eit norskfag der ein berre skal læra det eine av dei to offisielle norske språka, vil berre vera eit halvt norskfag. Språket er ein del av oss, ein del av identiteten vår som norske."
Dette synspunktet inneber at ein gjer den norske identiteten meir eksklusiv og mykje mindre tilgjengeleg. Det inneber ei meining om at minoritetsspråklege som har hatt fritak frå sidemål, ikkje skal kunne kjenne seg norske på same vis som dei av oss som har lært begge målformene.
Det er dessutan direkte feil når Eldegard skriv at "ein halv million arbeidsplassar krev at du kan nynorsk". I mange av desse jobbane kan ein tilsetje folk som har hatt lovleg fritak, det skulle berre mangle. Og det er sjølvsagt mogeleg å la det same gjelde dei fleste andre, ved å la arbeidstakarar sjølv få velje kva målform dei vil bruke i arbeidet sitt.
Eg ynskjer meg ikkje eit delt Noreg kor det framleis skal vere ulik filosofi bak norskopplæring for nye nordmenn og familier som har vore norske i generasjonar. Eg ynskjer meg eitt norskfag, med same innhald uavhengig av den einskilde familie si fartstid i landet.
I dette eine norskfaget bør alle lære å lese begge målformene, slik at dei óg tåler å få svar på den andre målforma frå eit offentleg kontor, og slik at dei kan ta del i heile kulturarven. Men eit felles norskfag bør ikkje prioritere å setje alle i stand til å skrive på begge målformene.
Ingebjørg M. Lyster