Startskudd for sentrale utval og Pensjonistrådet

Kva tyder det eigentleg å vere del av eit av Utdanningsforbundet sine sentrale utval? Det var tema då forbundet denne veka samla alle utval og Pensjonistrådet til oppstartsamling i Oslo.

Utval og pensjonistråd for inneverande landsmøteperiode er nyleg oppnemnde av sentralstyret, og medlemmene er dedikerte folk med verdifull kompetanse som sentralstyret no skal få nyte godt av.

Målet med samlinga er at utvala og Pensjonistrådet skal kjenne oppdraget godt, og ha eit felles grunnlag som rådgjevande organ for sentralstyret i inneverande landsmøteperiode, seier seniorrådgjevar Ellen Hoogerwerf, som har hatt ansvar for planlegginga.

- Dette er faktisk første gong vi samlar alle sentrale utval og Pensjonistrådet til eit felles møte med informasjon og dialog ved oppstarten av landsmøteperioden. Dette gjer vi for å gjere deltakarane i utvalga tryggare på si rolle, og ikkje minst for at vi får etablert ein god arbeidsform og kontakt, seier Hoogerwerf.

Viktig bidrag

Nestleiar i Utdanningsforbundet Thom Jambak var glad for å møte medlemmene i utvala på samlinga.

- Sentrale utval og Pensjonistrådet er viktige for oss som skal styre organisasjonen, slik at vi har god kontakt med dei som står i utfordringane og kan gi gode innspel også til løysingar, seier Jambak.

Dette er Utdanningsforbundets sentrale utval: